Briller får nytt liv i Nepal

Vigdis Jordal har vært med Vision For All & Memira til Nepal – for å levere donerte briller videre.

Vigdis er en kunde av Memira Oslo, og har tidligere gjort en linsebyttebehandling hos oss. Hun har også levert inn sine briller som hun ikke trenger lenger. Vigdis er superfornøyd med sitt resultat, men synes også at den jobben vi i Memira gjør sammen med Vision For All er fantastisk. Og i høst fikk hun sjansen til å være Memiras representant på reisen til Nepal.   Her kan du lese om den fantastiske reisen dette har vært. Fantastisk på alle mulige måter; naturen, kulturen, møte så fargerike men dog så fattige mennesker og ikke minst det å kunne hjelpe mennesker med synsproblemer slik at de får en ny og enklere hverdag. 

 

Vision For All er en ideell organisasjon opprettet av optikere. De har som formål å hjelpe andre rundt i fattige områder i verden som ikke har råd til å kjøpe seg briller selv. Vi i Memira vet hvor viktig godt syn er og bidrar gjerne med det vi har tilgjengelig; nemlig brillene til våre pasienter. De trenger dem ikke lenger, så i stedet for å kaste de og skape forurensing, er det bedre å levere dem til oss så sørger vi for at de blir sendt videre til Vision For All og dermed får god nytte igjen for andre.  

 Meiningsfulle augeblikk i Nepal

Godt syn er ei forutsetning for eit godt liv.  For meg som har gjort linsebytteoperasjon og ikkje treng briller lenger, føles det godt at brillene mine no har fått nye eigarar i Nepal.

Eg ville gjerne bli med på reisa til brillene. Saman med 5000 andre brillepar, optikere og  frivillige frå den idelle organisasjonen, Vision for all landa vi forventningsfulle i hovudstaden Kathmandu. Byen som syder av liv og song frå templene før klokka 06:00 om morgonen.

NAMASTÉ

Det fyrste møte i den travle ankomsthallen , eit godt smil, eit varmt blikk  og handflatene samla foran brystet.  Hinduhelsinga Namaste, «eg helser guden i deg». Slik møtes vi her og elles  overalt i Nepal.  Det fattige, fargerike  fjellandet med eit mylder av folkeslag ligg klemt mellom verdas to mest folkerike nasjonar, India og Kina.  Ein følelse av varm generøsitet, uansett om du møter ein hindu, muslim eller buddist. Buddhismen symboliserer auger med wisdom & compassion. Det kunne like gjerne vore slagordet for arbeidet til Vision for all. Visdom og medkjensle.

Langs vegen til hotellet opplever eg at det er fullt kaos med all verdas transportmiddel. Mopeder, lastebiler, sykkel-richshaws, kvinner med blomar og frukt som tempelgåver, kyr. Folk  vasker seg i elva, eit familiefølge, kvitkledde på veg til kremasjon, eksos, søppel, vakre smil. Trafikkstøy, men auger som vitnar om indre stillheit. Slike auger skal vi arbeida med dei neste dagane. Eg kjenner glede. Denne opplevinga skal eg til å ta vare på i mitt inderste skattekammer.

Før vi reiser vidare frå hektiske Kathmandu, er vi invitert til Tilgang Eyehospital, der vii lærer  om augesjukdommar, ser produksjon av kunstige linser,  og får høyra at folk i Nepal  forbind dårleg syn med uhell. «Bad luck».  Vi forstår at det blir travle dagar for oss på augecamp.

Sjukehuset ligg like ved den heilage og skitne Bagmati floden og det store tempelkomplekset Pashupati.  Her er det fleire likbrenningsplattformer og det er alltid ein kremasjon på gang.  Flammane, lukta og den blågrå røyken midt i kvardagsivet  set  seg på netthinna og i hukommelsen. I området er nydelege born i sine finaste skuleuniformer, marknadsboder som sel frukt, grønsaker, smågriser, skjerf, smykker. I skogholtet rett bak er apene på utkikk etter enkle bytter. Dei sleng seg mellom trea og bykser opp på hustak, så det skramlar i bølgeblikket.  Slik lever dei side om side frå fødsel til død.

Optisk leir i Phidim og Ilam

Utenfor allfarveg, ein times propellflytur og fem timars køyretur  på svingete og humpete vegar ligg Illam distriktet i aust, like ved grensa til India. Eit grønt kupert landskap, rikt på  kultur og landbruk. Her dyrkes  te, kardemomme, ingefær og chili. Området ligg mellom 140 og 3636 meter over havet og her bur mange av dei 100 ulike etniske gruppene i landet. Dei lever i eit hierarkisk system der eit stort antall grupper med ulik kultur er organisert i ein religiøs farga rangorden.

Første stopp er Phiddim, der vi lager til ein optisk leir på den lokale skulen omkrinsa av regnskog og hus i ulike former og fasongar.

Dei fleste fargesterke, medan andre nøytrale, men med klesvasken i alle nyansar heng til tørk på taket.  Geitene brekar, det luktar av tradisjonell matkultur, Daal Bhat frå  det opne nabokjøkket. Grønsakscurry med spinat, blomkål,  linsesuppe, kokt ris, kylling og flatbrød.  Lokalt dyrka, rett utenfor.  Ungane har fått fri frå skulen, glade og nysgjerrige leikar dei. Mange har ikkje møtt slike som oss før.  Ungdom med mobilkamera forevigar flokken vår med kvite ansikt som et med gaffel og spør etter papir når vi skal på toalettet.

Her på skulen har dei banantre og vi har flyborne banankasser, stappfulle med briller med oss. Vi opnar og sorterer briller og plasserer  utstyr til sjekking av auger i eit anna klasserom.  Augnedråpar og medisinsk utstyr i eit tredje rom. Alt i enkle omgivnader.  Vi skal handtera ein heilt ulik kultur, nepalesisk kommunikasjon og  mange ulike etniske språk, medan betydninga av synet er likt for alle.  Heldigvis får vi hjelp aveit team med  optikere og spesialister frå augesjukehuset i Bhadrapur, staden med den vesle flypassen  der vi landa.

Gått i to dagar

Det annonseres frå høgtaler på taket på ein bil at no er det mogeleg å få sjekka augene og få briller. Mange er tidleg ute. Nokre har gått i to dager for å koma hit. Vi har reist med fly og bil i to dagar. Det er ingen som masar, dei ventar tålmodig. Ro.  Som ekteparet , som var ein av dei fyrste som kom.

Her er ekteparet etter at undersøkelsene er gjort, og gode briller er funne til begge to. Ein ny kvardag venter dei, og dei er strålande fornøgde. 

Ved registrering betaler dei ein symbolske sum. Det er verdig og slik unngås at folk kjem for unødvendige undersøkingar. Deretter er det å tyda bokstaver på avstand. Den tredje stasjonen er hjå optikar. Nepalsk eller svensk med tolk. Her sjekkast styrken. Nærsynt eller langsynt? Nokre treng augnedråpar andre operasjon.  Skjema blir fylt ut og for dei som treng briller, er det eit nytt rom og meir venting. Det går forholdsvis raskt.  Ventetida er god for mange. Samtalar, latter. For meg ser det ut til at festkleda er på.  Menn med den karakteristiske hatten. Kvinner i alle fargar, mykje rosa, vevde skjef, store smykker.  Etter å ha spasert ein tur utenfor leiren, ser eg at kvinnene brukar slike klær. Dei pyntar seg kvar dag. Store gullringar i nasa og rundt øyrene fortel kva etniske grupper dei tilhøyrer. Eg lurar på om dei unge, som har mobiltelefon og nettverk, kjem til å kle seg slik, eller vil dei bli blasse som oss etter at verda uteanfor har kome til dei  gjennom internett?   For dei eldre er det ei openbaring å endeleg få sjå livet klarare. Godt syn gir verdigheit.  Utfordringa er når dei vil vil velga størrelse og designe på innfatninga. Tida tillet diverre ikkje at alle slike « vestlege valg» vert innfridd. Her er briller, briller, men det er ekstra stas å treffa slik at både brilleglas og innfatning skapar begeistring. Slik som denne unge jenta som endeleg kan studera utan synshemning som handicap.

I utvalget er det briller i alle styrkar, også ekstra sterke slik at karen  med verkelege svaksyn vart hjulpen.  Eg trur han får eit heilt nytt liv i vente!

På ein slik optisk leir møtes  eit stort og breitt utvalg av folket og sjølv om vi ikke kan snakka saman, er det nær og god kontakt mellom oss. Latteren sit laust.  Fleire viser fram det dei er stolte av. Slik som den eldre mannen med lang kvit kappe, skjerf og turban. Etter blikkontakt med meg, tok han plutseleg av turbanen og ut ramla metervis ved hår. Han fortalte at etter ein draum og eit møte med guru i templet etterpå, bestemte han seg for aldri å klyppa håret. Det er 36 år sidan.

Morgonen etter, tidleg og klår går eg med ein av våre lokale hjelparar til tempelet i Phidim. Ein guru kom lydlaust gåande, tok fram nøklar frå lomma og gjekk heilt nær låsen. Eg kunne sjå at han sleit med å få nøkkelen i låsen for å opna døra. Inne i teplet får eg velsigning, eit eple og ein fargeflekk i panna. Eg ringer med den vesle klokka og ba han koma til leiren vår slik at han enklare kan opna den vakre tempeldøra. Han kom, fekk briller og takka hjartevarmt.  Augene lyg aldri.

Etter fire dagar i Phidim gjekk turen vidare til Ilam. Ny skule, ny leir vart etabler for fire nye dagar og nye køar av folk i jordbruksområdet her oksen prøyer jorda.  Eg er assistent, fotograf og har den «farmasøytiske hatten min på». Vi er midt i tedistriket og ei kvinne som arbeider på teplantasjen er begeistra for den grøne drikkeflaska med Memira logo. Eg fortel  ho via tolk om linsebytteoperasjonen min og at andre med meg donerer briller slik at fine menneske som ho kan nyta godt av det. Ein vinn vinn situasjon.

Nokre snakkar litt engelsk og borna overraskande godt. Det er fleire av borna som følgjer foreldre og besteforeldre til dette møtet. Dei er tolkar i begge retninger og bidrar til at vi kjem fram til gode løysingar til dei som treng det. Familien og nærsamfunnet står ekstremt sterkt i Nepal, det merker vi godt på denne reisa.

Det var så fantastisk å kunne hjelpe denne jenta her. No kan ho få full nytte av skulen, og ho vart så glad for desse brillene. Dette er virkelig meiningsfullt! 

Alle er stolte av landet, dei er takknemlege for hjelpa vi kjem med og viser stor respekt til kvarandre. Gamle som unge ,uansett kaste.  Ein gut lurer på kva kaste eg kjem ifrå.

Her har vi ein gjeng damer fra en kaste. Desse var ekstremt fargerike og bar store, artige sjal på hovudet. 

Kristin er ein av dei dedikerte optikarane. Ho er frå Island og veit kva sterk kultur er for noko.  Det merkast i oppgåvene hennar med å finna ut behovet for briller, briller som  får nytt liv. Tilsamen er det 2400 personer som får testa synet på desse dagane.

Dei 27 millionane som bur i Nepal er blant verdas fattigaste. Det kan kjennast  at Himalaya fjellrekka ,»top of the world», med 8000 meters kvite toppar speglar seg og danner innramminga i det vakre landet.  Det tar pusten frå oss.  Så trygt, så farleg. Så fattig, så rikt.

Engasjement og ekte menneskemøte, auge til auge.

Denne dama, fra en anna kaste fikk i tillegg til gode briller, også ei drikkeflaske og faktisk  reflekser – som kan være gode å ha i mørkret. Fantastisk utsmykking med skorpionaktig nasering og haugevis av  øyrringar. Det må være tungt å være såpass «besmykka».  

«The best way to find yourself is to lose yourself in the service of others» ( M.Gandhi)