En linsebytte-operasjon løste synsproblemene for Vigdis Jordal
Det var ikkje lett å stå på podiet og både sjå liten tekst, samstundes med at eg skulle sjå publikum i augene (en nødvendighet for å få til ein bra opptreden).
Av alle sansar, set eg synet høgst.
Det å sjå fargane på alt det livet har å by på – det varme blikket til pappa når eg hoppa paradis, katten på trappa, pannekakene på kjøkkenbordet, den fyrste kvitveisen, stjernene på himmelen, latteren og dansen, brudebuketten, kjærleiken til borna mine, ljoset om dagen og ljosstrimene om natta. Regnbogen og alle dei visuelle minnene frå menneske som har satt spor. Bokstavane og orda…… Ja, det er bokstavane og orda som var avgjerande for at eg kontakta Memira med spørsmål om linsebytte. Eg elskar å skriva og engasjera menneske frå scenen med autentiske historier og poesi.
Kvar er brillene mine?
Etterkvart hadde eg behov for eit par når eg skulle sjå på publikum og ein annan styrke når eg skulle lesa teksten. Kontaktlinser vart løysinga ei stund, men det var ofte usikkert om dei fungerte i ulike lyssettingar og når lufta var tørr vart det ubehageleg. Eg brukte nokre månader på å bestemma meg- for av alle sansar så set eg synet høgst -og det med å operera var litt skremmande. Eg las informasjon på nettet, snakkka med ansatte hjå Memira, fekk forståing av at linsebytte er standard operasjon og bestemte meg. Sjølve operasjonen gjekk fort og kirurgen nynna medan han skifta ut mine eigne linser. Det var trygt! No ser eg bokstavane, alle orda fra side til side, frå perm til perm, utan briller eller linser. Livet er så mykje enklare- og tenk, dette synet skal eg ha så lenge eg lever. No er det eg som nynnar “Eye of the tiger”. Det føles slik ja. Takk Memira!
Vigdis Jordal
Yrke:
Foredragsholder
Synsfeil:
Alderssyn
Operasjon:
Linsebytte (RLE)
Bestill time
Se oversikt over ledige timer hos din nærmeste klinikk
Eller bestill time via telefon på 23 96 03 92
Flere kunder

”Jeg hadde -5.75 på begge øyne og drømte om et liv uten briller og linser. Etter operasjonen ser jeg bedre enn noen gang!”
Thea Petersen Sandness
Masterstudent på Nord Universitet

”Takket være Memira så klarte jeg å kjempe over angsten – det var ingenting å bekymre seg for!”
Bjørn Erik Barman-Jenssen
Jobbet i flyselskap i 34 år.

”Takket være Memira, så slipper jeg briller og linser – en utrolig frihetsfølelse!”
Janne Formoe
Skuespiller